Wishlist-plant: Marble-queen pothos
- Maline
- 30. sep. 2020
- 3 min lesing
Det går omtrent aldri ei veke utan at det kjem eit nytt medlem i jungelhuset mitt. Denne veka var eg og Silje på plantasjen. Vi skulle eigentleg ikkje ha noko, og var der for å kjøpe ei plante til ei venninde. Eg har litt kjøpestopp for tida, men tenkte likevel at eg skulle sjå over seksjonen med mini-planter, i tilfelle der var nokre spesielle planter. Ein kan faktisk ofte finne noko bra der! Denne gongen var eg heldig. Eg fann ein fyldig Marble Queen Pothos til kun 39kr!. Eg trur i allefall det er den typen. Den er for kvit til å vere Golden Pothos i allefall!

Eg vil berre starte med å seie at eg er ingen ekspert, og som alle veit når ein googlar planter, så kan ein finne utallege, forskjellige metoder som er "DEN BESTE METODEN FOR Å TA VARE PÅ PLANTA". Eg har null erfaring med denne planta, og det eg presenterer no, er det eg synes hørest mest fornuftig ut av den informasjonen eg har funne etter eit kjapt google søk. Marble Queen Pothos, eller Epipremnum aureum "Marble Queen", er ein populær plante innan pothos familien. Den har nesten hjarteforma blad, og har nydelege, spettete, mønster i kvit og grøn. Dette er ein hardfør plante, og kan overleve med lite tilgang til lys. Eg reknar med at denne krevjer meir lys enn Golden Pothos, då den har mindre grønt på blada. Det er jo det grøne på blada (det grøne pigmentet),som inneheld klorofyll, som alle planter er avhengige av for å få energi til å vekse (fotosyntese). Etter det eg har funne på nettet, trivst denne best i medium/sterkt indirekte lys. Om den får direkte sollys, er det stor fare for brente blad. Om planta får for lite lys, er det fare for at den mister dei kvite, vakre "teikningane" sine. Dei blada som har minst grønt på seg, kjem til å visne grunna for lite energi, og ein kan risikere å bli ståande igjen med ein heilt grøn plante. Denne planta likar ikkje å stå i klissvåt jord. Ein bør heller satse på å vatne den når jorda kjennes heilt tørr ut. Eg er stor fan av å gi kun litt vatn i gongen, då dette har fungert på dei fleste plantene mine tidlegare. Marble Queen Pothos, er ein plante som kan trivast med å ha det litt trangt, men om røtene vert massive, er det på tide å plante om. Om du vil ta avleggar av ei slik plante, må du kutte stilken på kvar side av eit blad (node). Deretter kan du putte denne direkte i jord, eller sette den i vatn for å få røter. Det vert anbefalt å ta avleggarar med mykje varigering (kvitt), då det vert større sjans for at den nye planta vert kvitare. Dette må eg sjølvsagt prøve ut når planta har vorte litt større. Eit anna tips til å få ei fyldig pothos-plante, er å heile tida kutte av dei lange stammane og plante dei direkte tilbake i potta. Då får du meir volum i toppen, før den strekk seg nedover. Dette er jo ein hengeplante, men personleg synes eg dei er mykje finare om dei har ein fyldig topp. Når det gjeld prisen for denne planta, ser eg at ein får kjøpt stiklingar for rundt 50 kr og ein kan få tak i ein litt større plante med røtter for 100-150 kr. Sjølv har eg ikkje sett denne planta på butikkar før no, så eg er usikker på kor lett tilgjengeleg den er. Har du meir erfaring med denne planta enn meg? Er informasjonen eg har funne grei? Legg gjerne igjen ein kommentar under innlegget!
Comments