Mitt "første" møte med planter
- Silje
- 30. sep. 2020
- 2 min lesing
Den dagen eg blei "smitta" med plantedilla, fortalte Maline meg om to planter som var enkle å ha med å gjer. Desse to var smaragdpalme og gullranke. Eg var tydelegvis heldig som fant ein svart smaragdpalme, også kalla Zamioculcas zamiifolia Raven / ZZ-raven. Denne kjøpte eg på plantasjen i nabobygda (Ikkje reklame).

Denne har eg no etter å ha hatt den i hus ei stund, potta om og delt opp til to planter. Denne planta kan plasserast nesten kvar som helst i leiligheta. Den eine står i vindauge som er sørvendt, og den andre står langt inne i rommet, utan å få så mykje lys frå vindauget. Begge ser ut til å trives like godt foreløpig. Dei har ikkje stått frå kvarandre så lenge, så det kan nok forandre seg etterkvart.
Gullranke som også kan kallast for Epipremnum aureum / Devil's Ivy, var der i mange størrelsar. Som hengeplante, klatreplante, små planter og store planter. Eg tenkte at dette kan eg ta som mitt første prosjekt! Så eg kjøpte 3 små for 99,-. Dette skulle bli eit spennande prosjekt. Vil denne bli stor? Skal eg la den klatre opp mosestokk, eller vil eg ha ei hengeplante? Dette tenker eg plasseringa skal få avgjer. Der den står no, kan det bli fint å la den henge.
Har du lest kva Maline har skrive om meg, så forstår du kanskje kor stolt eg er av dette prosjektet. Går ikkje ein dag utan at eg nevner denne planta mi, og kor den har "teke av". Den har vokst seg stor og fin, og eg vurderer faktisk å prøve å ta min første avleggar av denne gullranken no, å sjå korleis det utartar seg. Kanskje eg skal prøve å ha ei eventuell ny plante på badet, då eg har lest at denne kan tåle å stå i litt mørkare rom enn andre planter.
Håper dette kan inspirere nokon som alltid drep planter, til å gi gullranken ein sjangse før du gir heilt opp. Eg gler meg til å fortelle meir om plantane mine!
Comments