top of page

Fem tips til å få tulipanene til å vare lengre!

Visnar tulipanane dine fort? Det gjer ofte våre også. Først veks dei som et uvær, for så å visne frå oss. Vi har endeleg funne grunnen til dette, og no når det er påske, tenkjer vi det er ei fin tid å dele våre tips for å få fine tulipanar til å vare lengst mogleg. Alt vi har gjort feil tidlegare, vil vi no at de skal få til. Klok av skade, skal vi dele 5 tips for at tulipanane dine skal halde seg til etter påske 



  1. Vår største tulipan-synd er at vi fyller vasen med vatn. Temperaturen har vi aldri tenkt på, men vatnet skal vere kaldt, og det skal ikkje dekke meir enn ⅓ av stilken til blomane. HUSK; vasen må ver rein. Tulipanar er tørste, så fyll på med reint og kaldt vatn kvar dag.

  2. Kutt 2 cm rett av stilkane før du sett dei i vatn. Dette for å klargjere stilkane til å ta til seg vatn igjen. Ikkje ta av plasten før dei har stått ei lita stund i vasen.

  3. Tilsett løkblomster-næring om du har dette. Det skal hjelpe på holdbarheit.

  4. Ikkje plasser tulipanane nært frukt, då frukta gir aldringsprosessen ein boost.

  5. Det siste tipset er å setje tulipanane kaldt om natta. Om det ikkje er frost ute, kan du gjerne sette dei på altanen før du legg deg.



 
 
 

Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page