top of page

Er plantene giftige for dyra dine?!

  • Forfatterens bilde: Maline
    Maline
  • Sep 30, 2020
  • 2 min lesing

Er ikkje det typisk at dei finaste plantene, som regel er dei som er giftigast? Eg er stolt eigar av to hundar av rasen papillon, og eg har to kattar, to kaniner og 8 høns. Så kva må eg vere obs på når eg kjøper planter? Jo. Eg må spør meg sjølv: "Er desse potensielt farlege for kjæledyra mine?". Dyra mine har heldigvis ikkje same interessa for planter som det eg har, så stoveplantene mine får stå i fred. Men likevel har eg plassert dei fleste av plantene mine opp i høgda, slik at dei er utilgjengelege. Kattane mine får IKKJE lov å gå oppå bord og kjøkkenbenkar, og dei er som regel svært lovlydige.

Eg opplevde for ei stund sida at kaninene stakk av. Dei forsynte seg grådig av tulipanar og krokusar som vaks og spira så fint i hagen. Dette gjekk heldigvis fint. Og sjølv om eg observerte dei nøye dagane etter, viste dei ingen symptom på forgifting. Dei har kanskje lært av sine feil, sidan dei ikkje var i nærleiken av tulipanane då eg slapp dei lause med vilje nokre dagar seinare. Om sommaren har eg ofte opplevd at både kattane og hundane tygg på gras og anna grønt i hagen. Dette kan vere ein måte for dei å slukke tørsten på. Gje dei derfor ALLTID tilgong til kaldt, ferskt, drikkevatn slike dagar. Om dei får lite merksemd eller kjedar seg, kan ein oppleve at dyra tygg på plantene. Er hunden din for eksempel heime åleine over lengre tid, kan det derfor vere lurt å gje hunden noko å tygge på, for å førebygge at den går laust på plantene. Elles anbefalar eg at ein er strenge med kattane sine, og held tilsyn til kaniner og andre dyr som går fritt i hagen. Kva gjer ein om ein ser at dyret har ete av ei plante? Symptom på forgifting er ikkje alltid like tydeleg. Eg tenker at det derfor er viktig at ein til ei kvar tid har ei viss oversikt over kva planter ein har i huset/hagen som kan vere faretrugande for dyret sitt. Er uhellet då ute, kan ein kontakte veterinær med ein gong og informere om kva plante dyret har ete av, og veterinæren kan då ut i frå denne informasjonen vite korleis ein behandlar dyret.



Gå ei runde med deg sjølv når du introduserar ein ny plante i heimen eller hagen din:

 
 
 

Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page