Ukens plante: Tradecantia zebrina
- Silje
- 30. sep. 2020
- 2 min lesing
Sebrablad, husvandrer, trollplante, mange kjenner den også som vandrejøde. Men er det politisk korrekt å kalle den det? Når eg er på plantasjen går eg ofte, slik som Maline, og kikar i desse småpottene med 3 for 99,- om der er noko spennande. Eg ante ingenting om denne planta når eg såg den. Ikkje noko anna enn at svigerinna mi hadde ein som hadde vokst seg utover vinduskarmen hennar. Så eg tok med meg denne vesle, søte saken heim. Den glinsa så fint i blada, og hadde spennande farger. Ikkje "berre" ei grøn plante, som eg ville sagt før denne plante-galskapen tok meg. Fargane i denne planta er heilt nydelege. Det er absolutt ikkje til å stikke under ein stol, at eg liker planter med fargespel i. At denne også glinsar litt i sola, er eit ekstra stort pluss.

Tradescantia Zebrina er ei plante som opprinneleg kjem frå Mexico. No har eg sett meg litt meir inn i denne planta, og skal prøve å få den stor og fin. Den har vokse ganske greit, men trur den har potensiale til å vokse enno raskare, med meir riktig stell. Den er hurtigvoksande, og lite krevjande som stueplante. Dette er ei av få planter som kan overleve på badet ditt. Dette om du har eit bad med greie lysforhold sjølvsagt. Har du ikkje det, kan du sette den i lys eit par gongar i veka medan du er på arbeid til dømes, for å få den til å trives litt betre. Men det som er greit å huske på, er at denne, som mange andre planter, også kan bli solbrent om den står i direkte sollys, men den kan godt få ei god dose med indirekte sol. Planta vil ikkje ta skade av å tørke heilt inn før du vatnar. Sidan denne planta "kryp" kan det ver vanskeleg å kjenne skikkeleg på jorda, men løft lett på blada og stikk fingeren nedi jorda og kjenn etter om den er fuktig. Den kan vere heilt tørr på toppen, men vere fuktig nede ved røtene. Då vil du ikkje vatne den, då røtene kan rotne. Er skada allereie skjedd, og røtene har rotna, kan du ta av så mange stiklingar du vil frå det som er levande, og plutseleg har du mange planter etter den avdøde moderplanta.
Når du tek stikling av Tradescentia Zebrina, tek du enden av ein stilk med eit par-tre blad på og klipp av mellom to "fester"/noder på planta. Sett stiklingen i vatn og la det kome godt med røter før du let den tørke litt og sett i fuktig jord. Eg har berre gjort dette med ein grønn type tradescantia, og det tok ikkje lange tida før planten var i jord og nye blad på veg. Så vil eg tilføye at eg har prøvd å finne ut om den er giftig. Eg finn den ikkje på nokre lister over giftige planter, og heller ikkje på giftinformasjonen sine nettsider. Men vert du i tvil, er det betre å ringe ein gong for mykje, enn ein gong for lite til giftinformasjonen. Er det noko meir eg burde vite om denne planta, som ikkje er skrive her? Legg gjerne igjen kommentar og kanskje vi kan lage eit innlegg med alle tips og triks vi har fått gjennom kommentarfeltet etterkvart.
Comments