top of page

Ukens plante: Senecio Rowleyanus

  • Forfatterens bilde: Maline
    Maline
  • 30. sep. 2020
  • 3 min lesing

For nokre dagar sidan var eg på fleire hagesenter på jakt etter praktspragle. Eg fann ikkje det nokon stad, og vart i grunnen meir lei meg enn eg burde. Som alle andre gongar eg er på hagesenter var eg innom butikken å såg om dei hadde nokre spesielle inneplanter. Denne gongen var eg svært heldig, og oppdaga at dei hadde inne ei plante som har vore på toppen av ønskelista mi i to år. Planta som er mest kjent som perlesnor, String of Pearls eller String of Peas, Senecio Rowleyanus. Den måtte eg sjølvsagt berre kjøpe.

Dette er ei plante, som etter namnet, ser ut som den har mange perler eller erter nedover stilkane sine. Planta er ein sukkulent, og den lagrar ekstra fukt i perlene. Når eg skulle finne informasjon om denne planta, oppdaga eg at dette er ei plante som mange har utfordringar med å halde i live. Eg las at den er spesielt utsett for å få det skadedyret ein på engelsk kallar for "Spider Mites".



Eit sikkert teikn på at planta manglar vatn, er at perlene får rynker. Dette betyr at planta har begynt å bruke av reservelagera av vatn dei oppbevarar i perlene. Elles er dette ei plante som likar å tørke ut mellom vatningane. Den er svært utsett for rotråte, då den har skjørbare røter og har eit grunt rotsystem. Eg har lest at mange anbefalar undervatning for å unngå dette. Eg må investere i ei terrakottapotte eller ei betongpotte og få planta om så raskt som mogleg, då plastpotte lett kan føre til at planta mistrivast. Betong eller terrakottapotter "pustar" og er meir porøse, noko som gjer at fukt ikkje legg seg rundt røtene og skaper eit dårleg miljø. Potta bør også grunna eit kort rotsystem ikkje vere for djup, og jorda bør ha god drenering. Når det gjeld plassering, så er det viktig at denne planta får mykje, sterkt, indirekte, sollys. Planterina på youtube, anbefalte at den får mellom 4-8 timar per dag. Lyset og varmen frå sola er også med på å trekke bort overflødig fukt frå planta, og det er derfor viktig at toppen av planta også får lys, ikkje berre det som heng utover. Den likar ikkje å stå i trekk, og likar å ha det varmt om vår/sommarhalvåret. Planta bør plasserast i eit sørvendt vindauge, men kan også trivst i eit vestvendt vindauge om den får nok lys. Om den trivst godt, blomstrar den, og får kvite, "løvetannaktige", blomstrar som luktar kanel.

Om ein vil ta avleggarar av denne planta, klipper ein berre av ein bit. Ein må fjerne nokre perler forsiktig utan å skade stilken, og plassere enden i vatn. Ver forsiktig om du har born eller dyr. Unngå at perlene hamnar på golvet, då dei er giftige. Ein kan også plante dei direkte i jord, men personleg synes eg det er artig å kunne følge med på kor røtene veks. Om ein skal potte om, kan ein anten klippe av det som heng utfor potta og sette dette i vatn, eller så må ein forsiktig folde all veksten over potta for å unngå å skade den. Eg er svært spent på om eg klarer å ta vare på denne planta. Eg skal gjere alt i mi makt for at den ikkje dør. Likevel er eg svært bekymra, då eg bur på ein stad med svært ustabilt klima, med mørke vintrar og generelt lite sollys gjennom året. Eg reknar med at eg må til innkjøp av vekstlys og evt anna utstyr for å få denne planta til å overvintre og leve i mange år. Ønsk meg lykke til!

Har du erfaringar med denne planta? Del dei gjerne med oss i kommentarfeltet under! Vi vert svært glade for tilbakemeldingar.


Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page