top of page

Ukens plante: Pilea Peperomioides

  • Forfatterens bilde: Silje
    Silje
  • 30. sep. 2020
  • 2 min lesing

Som dei fleste andre planter har denne også fleire namn. Dei namna du kjenner best er kanskje elefantøre eller kinesisk pengeplante. Visste du at den også vert kalla for misjonærplante? Dette er pga ein norsk misjonær som tok med stiklingar frå planten frå Yunnaprovinsen i Kina, og heim til Noreg i 1946. Deretter gav han vidare avleggarar av sin eigen plante til venner og familie rundt om i landet. Pilea Peperomioides er ein sukkulent som kan verte 30 cm høg. Min er ikkje så stor enno, og eg vart faktisk overraska over at det er ein sukkulent, og at den faktisk fortsatt lev her med meg. Eg er elendig på sukkulentar, og klarer ikkje halde liv i ein aloe vera plante ein gong. At det er ein sukkulent betyr at den har litt tjukkare blad som lagrar væske. Det som også er litt spesielt med sukkulentar, er at fotosyntesa skjer på natta istadenfor på dagtid som med andre planter.


Eg kjøpte denne også som ei miniplante, og har potta den om etter å ha stått i heimen nokre dagar. Dette gjorde eg før eg i det heile tatt googla planta. For å vere heilt ærleg har eg ikkje googla den særleg før eg skulle skrive dette innlegget. På tide å ta til seg sine eigne plantetips, kanksje.. Så eg trur nok at denne skal få ein annan type jordblanding neste gong den skal pottast om, sjølv om den ser ut til å trivast i premium blomsterjord blanda med perlitt. Eg trur denne vil trivast med sand i jorda si, for optimal drenering og for å unngå rotråte. Denne skal nemleg helst tørke heilt ut før du vatnar den. Den skal også stå lyst, som med dei fleste planter, men ikkje i direkte sollys. Denne kan godt trivast på badet om du har eit vindauge som slepp inn dagslys. Du kan eventuelt sette den i eit rom med godt lys eit par dagar i veka medan du er på arbeid om den berre får lys frå taklampen på badet.

For å ta avleggar eller stikling av denne planten, tek du å skjer av eit blad heilt inntil stammen, og set i jord eller vatn til den dannar røter. Dette er vel det ein kallar stikling. Ein avleggar vil dukke opp som ein liten "baby" i potta. Desse følger du så langt inn til morstammen før du skjer av med ein rein kniv/saks og sett i vatn eller jord for at dei skal slå rot. Eg har ikkje prøvd dette før, men trur eg skal vente til eg ser babyar i potta å prøve den måten når/om desse dukkar opp etterkvart. Pilea peperomioides er heller ikkje så farleg å ta ein liten smakebit av, men den er heller ikkje etande. Om borna dine har fått tak i og tatt seg ein bit, kan du gi litt å drikke for å få vekk den ubehagelege smaken. Er du usikker på mengde skadar det ikkje med ein rask telefon til gifttelefonen for meir info.


Er det noko viktig eg har gløymt her? Legg gjerne igjen ei tilbakemelding i kommentarfeltet.

Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page