Planter og psykisk helse
- Maline
- 30. sep. 2020
- 3 min lesing
I Grey's Anatomy har dei eit rom på sjukehuset som er fullt av planter og har to lenestolar. Kvifor har dei det? Jo, fordi dei meiner at planter reduserar stress. Karakterane i serien kan gå å sette seg der inne om ting vert vanskeleg, og kanskje finne roa. Dette er jo ein fiktiv serie, men det er faktisk fakta. Planter kan vere med på å redusere stress. Men kva andre fordelar kan det ha å vere omringa av planter?

"Sence of agency" er eit omgrep som handlar om kjensle av kontroll. Ei medviten om å utføre frivillige handlingar og korleis desse handlingane påverkar individet og omverda. Det handlar om å ta initiativ, å utføre og kontrollere handlingar. Grunnen til at eg vel å ta opp dette i denne samanhengen, er at eg tenker at plantestell kan bidra til ei bevisstgjering på korleis våre handlingar påverkar både oss sjølve og verda rundt. Om planta får riktig stell, trivst den. Om planta vert råka av neglekt, mistrivst den. Dette kan ein tenke på som ein metafor for ein sjølv og andre menneske. Kva "stell" treng du eller dei rundt deg for å trivst? For å vekse og blomstre?
Ein kan lære mykje av å stelle ei plante. For eksempel kan ein oppleve at uansett kor ein steller og er snill med planta, døyr den likevel. Dette kan skje med oss menneske også. Det er ikkje nødvendigvis din feil at triste ting skjer. Noko er rett og slett ute av din kontroll. Ein kan lære at ulike individ har ulike behov. Om ein behandlar to ulike planter heilt likt, vil ein kanskje sjå at den eine trivst, medan den andre mistrivst. Alle menneske har forskjellige behov. Kanskje har du eit større behov for å kvile, medan andre har behov for å halde seg oppteken heile tida? Ein må tune seg inn på planta, og lære om planta for å gje den best mogleg stell. Det same gjeld menneska. Eg tenkjer at plantestell kan hjelpe deg til å validere dine eigne behov, og gjere deg bevisst på kva du treng for å ha det betre.
Mindfullness er eit anna omgrep som er relevant i denne samanhengen. Dette handlar om å vere til stades i augeblikket. Å vere merksam på kjensler, tankar, hendingar her og no. Eg har sjølv erfart at det under eit panikkanfall, kan hjelpe å fokusere på ting i augeblikket. Det å vere omringa av planter, kan gje deg noko å fokusere på. Det kan hjelpe deg til å tenke på noko utanfor hovudet ditt. Under eit angstanfall, kan ein miste litt kontakta med verkelegheita. Og planter kan bidra til å fokusere på det som skjer her og no, og drage deg tilbake til virkelegheita. Plantene gir inntrykk til sansane dine gjennom utsjånad og duft, og ved å fokusere på dette kan det distrahere ein frå angsten.
Det er ikkje naturleg at menneske skal sitte inne i betongbygningar. Menneska er som alle andre, skapt for å leve i naturen. Vi skal vere omringa av natur og liv. Å ha stoveplanter kan bidra til å ikkje miste kontakta med naturen gjennom kvardagen. I vinterhalvåret kan mange oppleve mørketid svært tungt. Det å vere omringa av planter i heimen kan minne oss på at det blir vår igjen, det blir betre igjen. Om ein opplev suicidale tankar, kan planta hjelpe deg til å finne litt meining i kvardagen. Døyr eg, døyr planta. Det er noko som treng deg. Den er eit symbol på livet. Eit symbol på menneska rundt deg som bryr seg om deg og treng deg.
Planter er vakre å sjå på. Dei kan bidra til meistringskjensle og gje deg noko å vere stolt av. Dei gir mykje tilbake om du gir av tida di til dei. Menneske har av natur eit omsorgsbehov. Om ein er einsam, kan ei plante vere med på å tilfredsstille dette behovet i ei viss grad. Om du ikkje har anledning til å ha kjæledyr, ikkje har born eller andre å ta vare på, kan planta vere ei fin erstatning. Eg har tydelegvis eit stort omsorgsbehov, då eg har 14 kjæledyr i tillegg til over 60 planter, ein jobb som handlar om god omsorg, og familie og vener som treng omsorg.
Sist men ikkje minst vil eg framsnakke plante-communitien. Eg har aldri følt meg så inkludert før som då eg oppdaga desse fine folka. Det å vere ein del av eit felleskap, der alle har same interesse, er berre heilt fantastisk. Eg har ikkje lest noko negative kommentarar enno, og håper det fortsetter slik framover!
Dette er berre eit innlegg som inneheld mine refleksjonar rundt planter og psykisk helse. Det er ikkje nødvendigvis tilfelle at alle opplev det slik. Opplev du at plantene bidreg til å betre den psykiske helsa di? Har du andre tankar enn meg angåande dette? Legg gjerne igjen ein kommentar!
Comments