Mat fra skogen: Ramsløk
- Silje
- 30. sep. 2020
- 3 min lesing
Som kanskje mange veit, er sesongen for ramslauk godt i gong. Denne utruleg kjekke planta har eg lært om av Elisabeth. Ho er min guru når det kjem til etande vekstar og utnytting av naturen rundt i nærområdet. Forrige veke var vi i det eg vil kalle ramsløkhimmelen. Vi plukka ein del, men det såg ikkje ut som vi hadde vore der, anna enn akkurat der vi sette oss ned for å sitte å plukke.
Ramsløk er for mange kjent som Norges gourmetløk. Den veks gjerne tett og kan dekke store områder, slik som det gjorde der vi fann den. Sesongen for denne gode nytteveksten, er frå mars til juni. Det vil kanskje variere litt ut i frå kvar du bur. Den kan plukkast både før, under og etter blomstring. Blomane på ramsløken er kvite, men svært ulik frå liljekonvall sine kvite blomar. Liljekonvall er noko du må passe på å ikkje forveksle ramsløken med. Før blomstring kan det vere vanskeleg å skilje, om du ikkje veit kva du skal sjå etter. Liljekonvall er svært giftig og ikkje noko du vil ha som tilbehør til middagen din.

Måtar du kan skilje liljekonvall og ramsløk utanom blometida, kan ver å gni fingrane lett på bladet og lukte på dei. Luktar det løk/kvitløk? Då er det ramsløk. Har blada felles stilk, eller har dei kvar sin? Liljekonvallen sine blad omsluttar same stilk, medan ramsløkblada har eigen stilk. Ein annan ting du kan legge merke til, er at blada på liljekonvallen er litt tjukkare og stivare enn ramsløken sine.
Det eg likar å bruke ramsløken til er å lage forskjelleg som eg kan bruke til kvardagsmaten. Til dømes kryddersmør, ramsløksalt, pesto og ramsløkolje. Når eg lagar smøret, brukar eg å sette det smøret eg foretrekk på benken ei stund, før eg blandar det med finhakka ramsløkblad. Kjapt, enkelt og utruleg godt. Det same med oljen. Blandar valgt olje med finhakka ramsløkblad.
Pesto fann eg mange oppskrifter på. Eg miksa og triksa litt forskjellege oppskrifter.
Vaska og tørka ramsløkblad
Pinjekjerner
Olje
Lime
Parmesan
Dette blanda eg i blender og fordelte i glas. Nokre fraus eg ned, og det eg har i kjøleskapet hadde eg litt olje på toppen for at det skal halde seg lenger. Ramsløkpurè lagar du raskt ved å blande ramsløkblad med salt og olje. Kjør i blender til ønska konsistens på purèen.
Når eg skulle lage ramsløksalt, brukte eg flaksalt og blanda dette ilag med ramsløkpurè og litt olje. La det utover ei steikeplate med bakepapir og tørka i ovnen på 100 grader varmluft med åpen dør. Det vart tørt på ca ein time, sjølv om oppskriftene seier 6-8 timar. Lot det ligge på benken over natta (med klede over) for å vere sikker på det var heilt tørt før eg hadde det på glas og sette i krydderhylla.

Eg gjorde eit kjapt google-søk på denne planta og fann på ei side om urtemedisin at plantesaft frå ramsløkblada er mildt irriterande og kan stimulere lokalt blodomløp. Den skal i følge denne sida smørast på huda og ha effekt mot revmatisme og giktplaga ledd. Om eg trur på dette, er ei anna sak. Skepsisen min tek ofte litt overhand når det gjeld urtemedisin, og ein skal vel strengt tatt vere kildekritisk også. Eg har ikkje prøvd dette, og kjem nok ikkje til å prøve det heller sjølv om eg til tider kan vere ganske plaga av smerter i ledd. Men om du vil lese meir om ramslauk som urtemedisin kan du lese meir om dette på denne sida;
Om dette er ei god side, veit eg ikkje. Som sagt berre eit kjapt søk som sendte meg inn der, og eg syntest det var litt interessant sjølv om eg er skeptisk. Legg gjerne igjen ein kommentar om kva du meiner om dette, og gjerne erfaringar om du har prøvd.
Comments