top of page

Kjøkkenkompost: Bokashi

  • Forfatterens bilde: Silje
    Silje
  • 30. sep. 2020
  • 2 min lesing

Du har kanskje hørt om bokashi. Ikkje? Då skal du få ei kjapp innføring her; Bokashi stammar frå Japan og betyr "fermentert organisk materiale". Nokon vil seie det er ein måte å kompostere matavfall på, altså omdanne matavfall til jord. Men å seie kompostere er ikkje heilt det riktige ordet å bruke heller sjølv om det er mykje det same. Dette er ein meir miljøvennleg måte å gjere det på. Fermentering.

Bokashi er ein måte å lage si eiga jord. Du treng to luft-tette bøtter med lokk eller bokashibøtter (desse har tappekran), og ein kompostbinge. Ja, og bokashistrø. Dette kan ein lage sjølv, eller kjøpe på forskjellige butikkar. Eit kjapt google-søk seier at ein får kjøpt det både på clas ohlson, på diverse nettsider om bokashi og heilt sikkert på hageforretningar i nærleiken av deg. Berre spør, så skal dei forhåpentligvis vite om det. Om du skal lage det sjølv, må du rekne med å bruke nokre veker på dette. Dette har eg ikkje prøvd enno, men har lyst å sjå om eg får det til når eg ser det minkar med strø i bøtta mi.

Eg var heldig å fekk tak i eit sett frå foreldra til ei venninne av meg. Dette besto av bokashifrø. to bokashibøtter med dobbel botn og tappekran. Dette gjer at ein kan tappe av overflødig vatn etterkvart som prosessen kjem i gong.


Når bøtta er full, skal denne stå i ro i minimum 2-3 veker. Eg har kalender på kjøleskapet som eg skriv ned datoen på. Du kan legge inn i kalenderen på mobilen, eller skrive på lokket den datoen du satt den til sides, eller datoen du tidligst kan gå vidare til neste steg. Når denne dagen kjem skal prosessen ha kome godt i gong. Når du åpnar bøtta for å tømme den, treng du ikkje uroe deg for at det ser ganske likt ut som då du satte den til sides. Det er meininga det skal ver slik. Neste steg er å blande dette med jord. Dette kan ver den jorda du måtte ønske. Det kan godt ver billig kjøpejord om dette er enklast for deg. Kor du blandar dette er opp til deg. Du kan grave det ned i jorda, kjøpe ein kompostbinge, eller ha det i ein annan stor beholdar. Sidan eg leiger leiligheit og her er mange kattar i området, har eg valgt å ha ein plastbeholdar på altanen utanfor soveromet mitt. Der er det ingen kattar som kjem til, og beholdaren skal ver ok å flytte på den dagen eg flyttar. Beholdaren skal forresten IKKJE ver tett.


Når du blandar dette med jord, skal du først legge noko fukt-absorberande i botnen. Eg har lagt avispapir og kattesand nederst. Deretter legg du eit lag med jord over dette. Dette fordi avfallet frå bokashibøtta må kome i kontakt med jord, for å bli jord. Eg blandar så avfallet med jord. Blandeforhold ca 50/50, og dekk til med jord på toppen. Husk at avfallet ikkje vert til jord når temperaturen er under 15 grader, så om vinteren vil denne prosessen stagnere. Men det vil ikkje sei at du skal ta pause frå jordfabrikken din. Den luktar ikkje vondt, så det er berre å fortsette.


Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page