top of page

Hva bør man tenke på før man kjøper en plante?

  • Forfatterens bilde: Maline
    Maline
  • 30. sep. 2020
  • 2 min lesing

Eg er av typen som spontankjøper planter eg synes ser interessante ut. Er du? Eg ser ofte folk skriv på sosiale medier om at det er heilt krise at folk kjøper planter utan å vite kva dei treng først. Eg tek dette litt "chill". Eg likar å "oppdage" nye sortar planter, og kjøper gjerne dei som er mest ulik dei eg har frå før. Det hadde no vore svært kjedeleg om ein berre skulle kjøpe dei same plantene igjen og igjen, fordi det er desse ein kan noko om.

Det er ein del ting ein bør tenke over når ein står i butikken for å kjøpe nye planter. Kvar har eg tenkt å plassere planta? Om du kjøper ei plante som krevjer mykje sollys, og du planlegger å sette den i ei krå med lite lys, kjem ikkje planta til å trivst. Treng planta meir luftfuktigheit enn du kan gje den? Må du til innkjøp av luftfuktar for at planta skal trivast? Har du tid til å gje planta det stellet den treng gjennom kvardagen? Dette er viktige spørsmål ein bør stille seg om ein ønsker at plantene skal vare lenge. Det finnast ikkje kjipare ting innan plantestell enn når ei nyinnkjøpt plante mistrivst i heimen din. Dette har eg erfart altfor mange gongar.

Noko anna som er viktig å vere obs på, no når eg snakkar om "kjipe ting innan plantestell", er sjå over om planta er fri for skadedyr. Har du mange planter i heimen din, og er i tvil, så sett den i "karantene" ei stund, for å forsikre deg om at den er frisk. Ein kan, og bør også kjøpe middel som førebygg eller drep skadedyr. Om du er føre var, har du større sjans til å lukkast med å bekjempe dei når du har utstyret klart. Det er veldig kjipt å måtte kvitte seg med alle plantene sine, fordi ein ikkje har vore forsiktig nok, og har teke med seg skadedyr heim. Eg tenker at eg bør verte flinkare til å ta heile planta ut av potta og undersøke røtene før eg kjøper planta. Eg har fleire gongar opplevd at plantene har vorte utsett for overvatning på hagesenteret. Dette kan føre til at røtene rotnar.

Det viktigaste er at ein tileignar seg denne informasjonen så snart som råd etter ein har kjøpt planta. Helst i løpet av dei første dagane

Comments


Post: Blog2_Post

©2020 by Frodige Frøkner

bottom of page