Etter et plantekjøp...
- Silje
- 30. sep. 2020
- 3 min lesing
Første gong etter å ha funne ut at eg skulle gå meir inn for å bli flink med planter, ville eg ikkje kjøpe ei dyr plante som eg egentlig hadde mest tru på at skulle døy frå meg. Difor kjøpte eg 3 småplanter for 99,- og hadde ein plan om å potte desse saman når eg kom heim. Eg potta om, utan å tenkje på noko spesielt eigentleg. La nokre småstein i botnen, og premium blomsterjord oppå dette. Eg trykte sammen desse tre plantene i ei og same potte med den jorda dei kom i. Eg hadde aldri potta om planter før.
Akkurat med denne planten gjekk det veldig bra, då det er ei hardfør plante. Nokon sa so fint, men trist ein gong; Når du kjøper ei plante og tek med deg heim, så tek du med heim ein pasient. Plantene på hagesenter har gjerne vatningsdag kvar dag. (Ikkje alle hagesenter, forhåpentligvis) Plantene står i torvjord og gjerne med ein netting rundt røtene så planta ikkje skal vokse ut av potta si før dei vert solgt. Trass dette, finn eg stadig planter der røtene kjem ut hola i botnen. Altså, klare til å pottast om til større potte.
Er målet ditt ei plante som skal vekse seg stor og sunn? Ikkje pott om med ein gong du kjem heim, vent eit par dagar, då planta kan få sjokk. Nytt miljø, ny jord, kanskje større potte også? Det luraste du gjer, er å akklimatisere planta først og gjerne setje den i karantene så den ikkje sprer eventuelle sjukdommar til dei andre plantene dine. La den deretter bli vant til omgivelsane. Dei andre plantene du har i nærleiken, lufta der den skal bu. Har du tørr eller fuktig luft? Dette avgjer også om planta vil trivast. Finn namnet på planta di, og bruk internett. Google namnet og finn ut kvar plantene kjem ifrå. Veks dei i skugge? I sterkt sollys? Plasser planta deretter og la den stå.
Når planta har stått på den nye plassen sin eit par dagar, kan du potte om. Planter vil som regel ikkje stå i torv. Det eg har lest meg til seier at levande jord er det beste, men ser at fleire har ulik erfaring med akkurat dette. Eg har til no brukt premium blomsterjord blanda med perlitt og vermiculitt. Akkurat kva levande jord er, kan eg gå inn på i eit anna innlegg, men kort fortalt er det jord utan ingrediensliste. Nokre planter har behov for at du blandar inn perlitt, nokre vil ha sand innblanda. Andre har godt av fin bark i jorda si. Dette er grunnen til at du skal søke opp namnet på planta du har kjøpt. Finn ut kva akkurat den typen likar å stå i, og etterligne dens naturlege omgivelsar så godt som muleg. Då vil du ha enno større sjangsar til å lukkast med planta di. No har eg kome med nokre tips til kva du skal gjer med ei plante du tek med heim. Men det aller beste tipset eg kan kome med, er eit tips eg slit veldig med å ta til meg sjølv. Nemleg å tenkje ut om du har ein passande plass i heimen din den kan trives FØR du kjøper den. Då slepp du kanskje unna nokre plantesmellar. Dette slit eg veldig med enda, då eg gjerne vil ha mange forskjellege, spesielle planter i hus. Så eg har full forståing for velfylte hus og leiligheiter med malplasserte planter. Er det noko eg har gløymt å nemne her? Legg gjerne igjen ein kommentar med tilbakemelding.

Comments