Er plantene dine giftige for barna?
- Silje
- 30. sep. 2020
- 3 min lesing
Har du born som er nysgjerrige på planter? Nokre born, inkludert meg sjølv som born, syntes det var veldig spennande med planter ein kunne ete. Eg veit at mamma hadde ei plante på stua som eg var veldig glad i å knipe litt på. Den tok eg raskt ein liten smakebit på også. Eg huskar ikkje kva plante dette var, men den var i alle fall veldig kjekk for min del. Kanskje ikkje like kjekt for mamma. Det eg ikkje visste då, var at planter inne kan også ver giftige. No trur eg ikkje at eg har teke noko skade av akkurat desse episodene, men det er ikkje godt å vite heilt sikkert.
Frå spøk til alvor; Det er mange inneplanter som er giftige, så som hovudregel er det greit å få planter opp frå golvet om du har born som kryp på golvet og tek seg ein smakebit på det som står rundt omkring. Å liste opp alle planter som er giftige, kan verte eit ganske kjedeleg innlegg for deg å lese, og det er litt av ein jobb også å finne ut om alle plantene, då vi har så utruleg mange tropiske og spennande planter i butikkane no. Istadenfor å ramse opp alle giftige planter, vil eg gi deg nokre linkar med lister, og heller tips du kan ta til deg før du tek med deg ei plante heim, eller som kan brukast når du har gått på ein smell og kjøpt ei plante når du var utilregnelig. (Dette skjer ofte for min del)

Det aller første du må tenkje på er; veit eg kva denne planta heiter? Dette er vesentleg for å finne riktig informasjon om planta og eventuelle giftstoff. Det neste er kor gamle er borna mine, og et dei det dei får tak i? Dette kan ver enkelt å svare på, men ikkje alltid like enkelt. Eg trudde eg hadde ein son som ikkje åt på noko, plutseleg vil han ete den godteribiten han mista bak sofaen eit halvt år tidlegare. Betyr dette at han kan ver nysgjerrig på plantene mine også? Kanskje. Har eg då teke med deg ei plante heim som viser seg å vere giftig for born, er det viktig å få denne utanfor rekkevidde for sonen min. No er sonen min riktig nok 8 år, og forstår det når eg seier at denne må du ikkje ete, for den er giftig.
Er borna dine mindre, er det vanskelegare å forklare at plantene er giftige. Då er det viktig at du sett dei slik at borna ikkje kjem til, eller at du alltid har tilsyn til plantene. Eller er det borna du kanskje burde ha tilsyn til? Dette er kanskje ikkje heilt gjennomførbart til ei kvar tid, så om uhellet er ute, ikkje nøl med å ringe giftinformasjonen. Om du ringer dit er det igjen greit å vite kva plantene dine heiter, så du får riktig svar og informasjon tilbake.
Det er ikkje berre inneplanter som kan ver giftige for born. Du har kanskje nokre giftige planter i hagen også? Du finn hvertfall giftige planter når du er på tur i skogen. Spesielt om du har planar om å ete ville vekstar, er det viktig å vite kva du plukkar. Pass på borna dine så dei ikkje et planter i naturen som du ikkje veit kva er. Skjer dette, så gir du drikke og ringer giftinformasjonen og forklarar så godt du kan. Ta gjerne med ein del av planta om du må til lege.
Har borna dine ete planter som viser seg å vere giftige?
Fjern planterestar
Gi drikke
Kontakt giftinformasjonen på 22 59 13 00
Ved alvorlige symptom; ring 113
Her kan du lese meir om giftige planter og kva du må gjer om uhellet er ute; https://helsenorge.no/Giftinformasjon/tema-planter-og-barn https://www.familieverden.no/Helse/Sikkerhet-og-forstehjelp/Hage--og-stueplanter---disse-er-giftige/ https://www.klikk.no/side3/vitenskap/norges-giftigste-planter-4419516
Comments